Eg for ut i strid
Då dei framande kom
Eg sloss for min heim og min buskap
Eg kjempa dei ned
Med mitt spjut og min boge
Så dei heime kunne eta og sova

Eg drakk og eg skråla
Eg lo og eg skrøyt
Av mine sigrar, mitt mot og min styrke
Eg fortalde om gullet eg fann
Hjå dei eg slakta ned for fote

Eg vakna brått
Ein kald og mørk morgon
Med buskapen daud og trellane rømde
All mjøden var drukken og venene reist

Då la eg i veg til lovande land
For atter å vende heim med aere
Alle som sto i vegen for meg
Skulle kjenne min styrke og vreide

Ved ein flod sto ein gammal og støl mann
Han vokta ein båt som eg trong
Eg skulle hogge han ned
Men sverdet brast og
Den gamle sto der og flirte